De varte ikkje so lenge før Nemi hadde rier igjen! Dinne gongen kom den også me bakbeina først å satt også fast! Men ikkje so godt fast so den forrige so dyrlegen klarte relativt greit å få den ut. Å dinne gongen gjekk de heldivis bra :) De vart ei lita jente so ej valgte å kalle Vicky. Ho va også brune sånn so storebroren sin. Å igjen fekk ej sjå de herlige morsinstinktet til Nemi der ho slikka den reine å dytta borti den me snuten.
Deretter gjekk de ei stund før de skjedde noke meir å vi begynte å lure på om der va fleire der. Sjøl om de vart sett 4 på ultralyd so kan fostera dø inni der å bli sugd opp so en ikkje merka at dei ikkje e der lenger. Men etter en times tid begynte ho å presse igjen; lisje Vicky skulle ikkje bli enebarn likavel! Dinne gongen gjekk de veldi greit, de va den einaste av dei 4 so kom me haude først. Å ej syns nesten tydeli ej hørte et lite plopp, å ho Wilma va ute! Nesten en tru kopi av mammaen :) No fekk Nemi ordne alt sjøl, reiv hol i fostersekken å beit av navlestrengen. Veldi fasinerande å sjå korleis instinkta gjer at dei veit nøyakti ka dei skal gjer! Å morkaka fekk ho jammen jafse i sej også. Lekkert!! (de blir ei stund før ho fe sleike mej i trynet iallfall).
Å no gjekk de ikkje longe stunda igjen før ho igjen fekk rier å begynte å presse! Å igjen kom de noken bakbein, å igjen satt den fast! Å no satt den godt fast igjen!! Den eine dyrlegen klarte ikkje å få tak på den å dra den ut so ho måtte spørre den andre dyrlegen om assistanse, å då gjekk de heldivis bra, etter nok en omgang me lirking å såre hyl frå stakkars Nemi! Dinne gongen va de en gut; Batman!! En nesten heilt kvit liten kjekkas me mørk flekk rundt eine auga!
Sida de vart sett 4 på ultralyd regna vi me at der ikkje va fleire, men for å vere på den sikre sida tok dei røntgen av Nemi for å sjå om der kunne vere noken til. Sida de hadde vore sopass komplisert me dei andre so meinte dei de va lurast at ej ikkje reiste heim igjen før alle hadde komt ut. Å røntgenen viste at no va der tomt, å magen til Nemi va igjen blitt slank som ei sylfide!
So då he Nemi å Pondus fått 3 små babya, å en liten i himmelen... Nemi fekk masse skryt av dyrlegane om dei gode morsevnene sine, so dei små nurka fe nok en god oppvekst!! Etter at vi kom heim igjen he dei kost sej i valpekassa si å tida he gått i å sove å drikke melk :) Pondus kikka nysgjerri på dei små pipande vaklepinnane å he soo lyst bort å sjå, men blir berre møtt av et knurr frå ho Nemi når han nærma sej. So han må nok vere tålmodig å vente litt til.
So då sitte ej her då midt på natta, fremdeles rusa på adrenalin av dagens hendelsa! Første døgnet sei dei e de mest kritiske so ej kjøme til å våke over dei inatt! Ikkje søren om noken av dei andre skal stryke me no!! Ej va veldi sikker på at fødselen kom til å gå greit å at ej so å sei berre skulle sitte å sjå til at alt gjekk greit for sej. Men so feil kan en ta! De e tydelivis ikkje allti naturen klare å ordne opp sjøl å idag fekk ej jaggu erfart de på den brutale måten! Tenke også på han stakkars Edgar å lure på om ej kunna gjort noke annleis for å redde han.. Kansje fått enda bedre tak på en måte, å få dradd han enda hardare ut? Ej veit ikkje... Ej va også so usikker på kor masse dei tåle, å kor masse ho Nemi tåle so der å då va ej også veldi redd for å gjer ting verre enn dei allereide va. De va iallfall veldi trist, han va so utruli fin! Ej e sikker på han hadde blitt en liten Pondus...
Men no sitte ej iallfall i sofaen å høre på 3 små mirakel so pipe nedafor her. Høre på kor ho Nemi slikka på dei å legge sej til rette for at dei skal nå tak i pattane, samtidig so ho he lagt en labb over dei for å gi dei varme. Ej e veldi stolt av Nemi-frøkena mi, å selfølgeli av Pondus-guten min også so klarte å finne et øyeblikk der ej va uoppmerksom slik at han fekk lage disse små søtingane :)
Nemi for et par daga sida. Ganske sprekkeferdig
Fødselen e i ferd me å begynde. Valpekassa e plassert oppi senga å Nemi he begynt å få pressveer.
Vicky e ute! Nemi passa på at den blir rein å tørr :)
Å der kom Wilma også :)
Wilma, et par minutt gammal :) fremdeles våt å forkommen
Å der va alle ute :) Wilma til venstre, Vicky i midten å Batman e på vei til en patt
Endeli komt oss heim igjen. Batman til venstre, Wilma i midten å Vicky litt vanskeli å sjå sida ho e so mørk
Konkurranse om den beste patten! Trur ikkje dei he skjønt at ho he 9 patta, so der skal vere 3 til kvar! Men likevel skal dei ha den samme :) Søskenkrangel allereide?
He litt dårli bildekvalitet sida ej selvfølgeli he klart å rota vekk kameraet mitt å he tatt bilde me iphonen! Aaaargh!! Typisk når ej trenge de mest!!

3 kommentarer:
Å kor skjønnne!!!Litt av en opplevelse du he vore med på ja!Trist med den som døde ja :( Gler mej til å få sjå dei litt seinare...e straks i Oslo igjen!
Grattis med valper, de var nydelige!!! Fy søren for en fødsel!! Veldig trist med den som ikke klarte seg...
Klem og boff-boff fra Vilde, Happy, Lucky og Pyton
Aaw! Dei e so herlige alle sammen! :D
Flinke Nemi, Pondus og ikkje minst du Helen :)
Ej sveva rundt på ei sky og berre fryda mej*knegg*
No skal dei ete,bæsje,sove og bli tjukke og gode :D
*klem fra Lilli*
Legg inn en kommentar